Positivt årsmøte i idrettslaget |
Rykta på byn' om eit idrettslag som ikkje er på topp, vart grundig dementert på årsmøtet onsdag. Stor aktivitet i laget synte godt att i årsmeldinga. Økonomien i laget er god. Underskotet frå i fjor er dekka inn og laget set att med eit bra overskot. Grasrotandelen frå Norsk Tipping og leiga frå Telenor gjev gode og stabile inntekter. Utleige av klubbhuset til ei barnehageavdeling vert det slutt med til sommaren. Kommunen legg ned avdelinga. At dei tillitsvalde trur på Herøysund Idrettslag ser ein på alle 'gamle' og nye i styret - alle plassar er fylte. Det er no berre to medlemer som manglar i bingostyret, så er også bingoen redda. På årsmøtet: NHK | | | | 22.02.2013 |
|