Framsida
Framsida
Herøysund Bygdalag
Styret
Utval/nemnder
Vedtekter
Herøysund Grendahus
Herøysund Idrettslag
Herøysund skulemusik
Herøysundet båtlag
POSTVEGEN
Arrangement
Kontakt oss
Gjestebok
Før i ti'o
Annonsering
Nyhende
Kontakt oss
Herøysund Bygdalag
5462 Herøysundet
Bankgiro: 34600752695
Nils Harald Kaldestad
Tlf.:995 20 815
Epost:nh-kalde@online.no
Bjørn Bjelland Mathisen
Tlf.:416 50 173
E-postbjornma@knett.no
 


 
Klikk på bilete for full storleik
 Herøysund Bygdalag 20 år

I slutten av 1960 og først på 1970 talet vart laga og organisasjonane i bygda meir og meir ”spesialiserte”. Bygda hadde ikkje noko samlande lag for alle, slik som til dømes Bringedalsbygda ungdomslag hadde vore. Dei slutta av aktiviteten omlag 1970 til fordel for Herøysund Idrettslag. Det blei etter kvart stor aktivitet for idrettslaget og dei som dreiv idrett, men bygdafolket sakna etter kvart eit felles organ som kunne representera bygda i høve til m. a. kommunen.

 

Den 18. mars 1990 var Herøysund Bygdalag ein realitet. Det første styret var samansett av desse:

Lillian Eik

Asbjørn Helvik

Reidun Netland

Leif Johan Helvik

Målfrid Haugse

 

Arbeidsprogrammet som vart gjeve av dei frammøtte var omfatande:

  • Lagerbygg til Bjarte Veastad
  • Barnehagetilbod i Herøysundet
  • Eldretilbod
  • Framtidig bruk av Kvinnherad Distriktsheim
  • Gang-/sykkelsti i Herøysundet
  • Kvinnheradruta

Ser vi på det som har skjedd med dette 'arbeidsprogrammet' kan vi vel seia at det har vorte litt varierande. Bjarte for til Seimsfoss, barnehagen er ein realitet, dei eldre har fått Grendahus Kafè, Distriktsheimen er vorte kompetansesenter for folk med utviklingshemming, Kvinnheradruta er borte (går no frå Rosendal) og gang-/sykkelstien er minst like langt borte, men er meir aktuell enn nokon gong.

 

Som mange andre lag har det vore både opp- og nedturar, men laget er no ein viktig institusjon i bygda. God kontinuitet i styret saman med bra økonomi, tilseier at laget er ein stor ressurs for bygda. Medlemstalet har vore stabilt, men burde vore mykje høgare.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
03.09.2010
Barnelaget startar opp att.
Barnelaget i Bedehuset startar opp att onsdag 8.sept.
26.08.2010
Er det grunn til å heisa flagget?
Formannskapet ser ut til å snu i saka om nedlegging av skulen
Linker
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS