Framsida
Framsida
Herøysund Bygdalag
Herøysund Grendahus
Styre
Utleige
Herøysund Idrettslag
Herøysund skulemusik
Herøysund båtlag
POSTVEGEN
Arrangement
Kontakt oss
Gjestebok
Før i ti'o
Annonsering
Nyhende
Kontakt oss
Herøysund Bygdalag
5462 Herøysundet
Bankgiro: 34600752695
Una Kolle
Tlf.:99 15 54 25
Epost:una@isrosa.no

Frå skule til forsamlingshus

Klikk på bilete for full storleik
Herøysund Grendahus slik det ser ut i 2009
 



 

Herøysund Grendahus er frå starten det gamle skulehuset i Bringedalsbygda. Huset vart bygd i 1902 og var skulehus til nyeskulen kom på plass i 1970. Då vart huset lite brukt, men vart m.a. nytta til øvingslokale for Herøysund musikklag.

 
Klikk på bilete for full storleik
Ikkje så mykje å sjå på i 1979

Musikklaget overtok huset frå kommunen i 1979, og gjekk seinare saman med Idrettslaget og foreldrelaget til speidargruppa for å skipa L/L Herøysund Grendahus.

 Etter mange dugnadstimar stod huset klart til bruk i 1982. Då var dei to skulestovene samanslegne til ein sal på omlag 90 kvm. Eit tilbygg med velutstyret kjøken og garderobe gjorde at huset vart ein god samlingsstad for bygdefolket.

 

Etter kvart gjekk det opphavelege samarbeidet (lutlaget) i oppløysing. Speidargruppa vart nedlagd, og lutene deira vart ikkje delt ut til andre lag. Idrettslaget hadde lite bruk for huset, og planla bygging av eige hus ved banen.

 

Herøysund musikklag stod dermed åleine med ansvaret for huset. Med minkande oppslutnad, og med dårleg økonomi til å vedlikehalda huset, var det på tide å tenkja på andre løysingar. På årsmøtet i Herøysund Grendahus i mars 2009, vart Herøysund Bygdalag utfordra til å koma med ei løysing. Løysinga vart fusjonering mellom musikklaget og bygdalaget. Grendahuset vart organisatorisk lagt under Herøysund Bygdalag. Som før har Herøysund Grendahus eige styre, og har ansvaret for eigen økonomi og drift.

 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
11.01.2012
Årsmøte i Herøysundet Idrettslag

ÅRSMØTE I

HERØYSUNDET IDRETTSLAG

Dato: 8. februar 2012

Stad: Bringedalsbygda skule

Klokkelslett: 20:00

29.11.2011
Bygdalaget inviterer til juleverkstad!

Tysdag 6. desember
kl. 16:00 - 18:00
Linker
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS