Framsida
Framsida
Arrangement
Herøysund Bygdalag
Herøysund Grendahus
Herøysund Idrettslag
Herøysund Skulemusik
Herøysund Båtlag
Stranda
POSTVEGEN
Nyttige lenker
Kontakt oss
Nyhende
Kontakt oss
Herøysund Bygdalag
5462 Herøysundet
Bankgiro: 3460.07.52911
Vipps: #661569
Leiar: Ida Marielle Sundland Grindheim
Tlf:
Epost:
leiar@heroysund.no
Kasserar: Tonje Smith
Tlf:482 67 433
Epost:
kasserar@heroysund.no

Stor aktivitet i idrettslaget!

Klikk på bilete for full storleik
 
Dei siste dagane har det kome ein flott trykksak i postkassane . Årsmedling for Herøysund idrettslag 2012.
 

Av den omfatande årsmeldinga går det fram at Idrettslaget har ei friidrettsgruppe der vi kan telja 38 namn. Desse har delteke i Kvinnheradmeisterskap innandørs   og utandørs i tillegg til seriestemne. Friidrettsgruppa har også arrangert domarkurs i friidrett.

Trimgruppa gjev tilbod til born (+ foreldre) frå to år, og gutar/jenter 5-7 år i tillegg til to dansegrupper. Desse aktivitetane har registrert 61 namn.

Fotballen er heller ikke borte frå Herøysund. Fire lag har delteke i cup og seriespel. Oldboys-trimmen lagar framlei eitt og anna blåmerke i harde taklingar. Damene er visst meir siviliserte(?) med volleyball og aerobic.

Dei som ikkje er så opptekne av konkurransar, har tilbod i Fjelltrimgruppa. Her er det fellesturar i tillegg til dugnadsarbeid i løypene, med merking, rydding og oppfrisking av T-merka.

 

Alt dette får ein til å setja store spørjeteikn om politikarane sine prioriteringar: Skulen skal leggjast ned, og det er vel ikkje alle som verkeleg trur at den store aktiviteten i bygda vil halda fram. Dette trass i 'Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet, Kvinnherad kommune, 2013-2021' (høyringsutkastet er på 53 sider)

nhk

 
 
 
  Tilbake

 
Linker
Vêrstasjon
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS