SAKER: 1. Godkjenning av innkalling og saksliste 2. Val av møteleiar, referent og 2 medlemmer til å signera protokollen 3. Årsberetning frå styret 4. Årsrekneskap 5. Budsjett og plan for 2013 6. Fastsetting av evt. Godtgjersle til styret. 7. Val av styremedlemmer 8. Val av revisor 9. Val av valkomité Styret har hatt 6 styremøte, ein fellesdugnad i mai, og årsmøte i mars 2012. Kjære nye og gamle medlemmer, styret vil ynskja deg hjarteleg velkommen til årsmøtet. Det er ein del større saker som skal takast opp, og det er viktig at medlemmane er med på avgjere som angår enn. Planar: Styret arbeidar med ein 3 års plan for utbetringar. Desse utbetringane omfattar større lån i båtlaget. Fylgjande prosjekta styret vil føreslå: 1. Bølgjedempar 16 meter lengde. 2. Utskifting av gamle flytebrygge, 36 meter. 3. Slipplate og slipp I denne samanheng vil styret fremja forslag på årsmøte Styret vil leggja fram forslag om ei grunnleggande årsavgift på 2000.- i året for kvar medlem, samt 1 kr,- pr. centimeter båtplass. Endring av Hamneavgift – 5 timars pålagt dugnad går ut. Val av dugnadsleiar – inngår som medlem i styret Revisjon av vedtekter for Herøysund Båtlag Styret |