Framsida
Framsida
Herøysund Bygdalag
Herøysund Grendahus
Herøysund Idrettslag
Herøysund skulemusik
Herøysund båtlag
POSTVEGEN
Arrangement
Kontakt oss
Gjestebok
Før i ti'o
Annonsering
Nyhende
Kontakt oss
Herøysund Bygdalag
5462 Herøysundet
Bankgiro: 34600752695
Una Kolle
Tlf.:99 15 54 25
Epost:una@isrosa.no

Vi har lov å mimra litt - alt var så bra før!(?)


På desse sidene vil vi gje plass til folk som les desse sidene og som har noko å fortelja frå tidlegare tider. Det kan vera tekst og/eller bilde.




XXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXxxx
 

Eit ukjend (?) forlis

I 2010 utgåva av Filatelistisk årbok kom eg over ein artikkel av Arne Eriksen om eit forlis like ut i fjorden. Det var postbåten som var på veg frå Helvik som forliste 5. april 1854.

Arne Eriksen har gjeve løyve til å bruka eit utdrag av denne artikkelen

 

Då posten ikkje kom fram soga om eit forlis

av Arne Eriksen

 

Ein strålande junidag i 2009 står eg på kaien i Herøysund i Kvinnherad. Og dette er siste etappen i ein prosess som byrja vinteren 2008 då kjøpte eg eit brev på auksjon hos Skanfil. I dette brevet var det ein attest som tyda på at posten mellom Stavanger og Bergen hadde forulykka på Kvinnheradsfjorden i 1854. Etter mange arkivdykk har eg etter kvart skaffa meg oversikt over kva som hende dei dramatiske timane i april 1854 – og no gjenstår berre å synfara staden og området der det heile skjedde.

I denne artikkelen vil eg oppsummera funna mine. Dei gir mellom anna eit bilete av kor risikofylt postransport kunne vera – så la oss dra meir enn 150 år tilbake i tid.

 

Forliset

Det er ettermiddag, og himmelen over Kvinnherad er svart onsdag 5. april 1854. Riktig ein uvêrsdag med kuling frå nordvest og grov sjø. Ein slik dag då bygdefolk held seg på land. I bua til Paul Solensteen på Herøyo har dei fyrt godt i omnen denne aprildagen, og landhandlaren sjølv underhaldar dei handlande med historier frå siste bytur. Han skal nett smøre godt på om korleis han lurte ein av kjøpmennene på Bryggen då døra går opp med eit brak. Inn kjem ein av sjøfolka hans, Lars Villumsen, medan han ropar: ”Det er folk i naud på havet – postbåten er kvelva – det står om livet”.

Solensteen tar raskt kommandoen, og saman med Villumsen og tre andre karar får han båten sin på vatnet. Dei kan no sjå at også brørne Tørres og Ole Madsen Berge har høyrt naudskrik og er på veg mot havaristen i sin båt. Sjølv om bylgjene er meterhøge vert bergingsfolka fort klar over at det ligg folk i vatnet. Og dei skjønar at her gjeld det om å vera snare. Dei ror det dei er kar om medan Solensteen kaukar: ”Hold ut – hjelp er på veg”.

Tørres og Ole Madsen Berge er først framme ved den forliste postbåten. Dei får berga to mann som ligg i sjøen. Vatnet er iskaldt og begge er nedkjølte etter å ha baska rundt i nær ein ½ time. Dei to Berge-brørne kjennar ikkje postføraren, men dei kan sjå at den andre karen er postbonden Hans Hansen frå Vetledale på hi sida av fjorden. Hans er utsliten, men ropar at dei må finna han Lars, men havet er svart rundt båten – ingen andre er å sjå.

No er også landhandlaren sitt mannskap på plass. Solensteen får signalisert til Berge-brørne at dei må ro til land med dei to dei har berga. Han skal ta hand om postbåten. Solensteen veit at i båten finst ei postveske med pengebrev, og her gjeld det å berga pengane. No er enda ein båt komen utpå og i fellesskap får dei postbåten på rett kjøl. Men postveska er borte.

Slik hende det kanskje – det me nokre dagar seinare finn ein notis om i Bergensposten:

”Onsdag kuldseilede Stavangerposten paa Kvindherredsfjorden ¼ Mil fra Helvig. En Mand blev borte tilligemed Postvæsken, der dog indeholdt Lidet, da den vigtigste Post var afgaaet hid med ”Bergen”.”

 

 

Å ro posten

For dei fleste er det vel dei tradisjonelle fjordabåtane som ein best kjem i hug når det gjeld maritim posttransport. Men langt ut på 1800-talet spelte robåten ei viktig rolle som transportmiddel. Ein av dei som opplevde desse postbåtane var forfattaren Jonas Lie. I sjøforteljinga Gaa Paa frå 1882 skriv han:

”Postbåten var nettop nu blitt synlig over trærne nede på odden. Det var en sekstring med tre mann, der rodde, så de lå langflate henefter toftene, mens stevnen formelig grov sig gjennem skummet............ Kursen lå skrås over til poståpneriet.” (Lie 1951: 12).

Me skal ikkje halda det for umogeleg at tenåringen Jonas Lie hadde sett postbåten i hardt vêr med kurs for Helvik og Herøysund i Kvinnherad ein gong kring 1850. For Jonas Lie var 12 år då far hans, Mons Lie, i 1845 vart sorenskrivar i Sunnhordland, og familien flytta frå Tromsø til Undarheim i Kvinnherad.

I alle høve var folk i Sunnhordland og Ryfylke vel kjende med at posten måtte i robåt når fjordane i Den Stavangerske Posttour skulle kryssast. Dette var den gamle postruta mellom Stavanger og Bergen – 18 mil over sjø og land som skulle gjerast unna på 36 timar. Posttouren vart oppretta i samsvar med kongeleg resolusjon av 13. mai 1785 og var i drift til omkring 1870. Då hadde i stor grad dampskipa teke over som viktigaste transportør av post på vestlandsfjordane.

Å kryssa ein vestlandsfjord i dårleg vêr kan vera ein risikofylt affære. Me veit at ruta mellom Stavanger og Bergen ofte tok mykje lengre tid enn dei tilmålte 36 timane. Og vêret kunne nok mang ein gang vera årsaka til forseinkingane.

 

Regelverket

Poststyresmaktene var sjølvsagt merksame på at å føra post i open båt innebar risiko for at posten kunne gå over bord. Difor var dei nøye med å understreka at posten skulle sikrast på forsvarleg vis. Om dette finn med fleire døme i det postale regelverket. I 1844 høyrest det slik ut:

”Circulaire fra Finans-, Handels-, og Told Departementet til de Postcontoirer, der have Postroute tilsøes, hvorved Departementet paa det alvorligste tilholder enhver Postkarl, Postfører og Postbonde, som befordrer Posten tilsøes, stedse at fastbinde Postsækken med forsvarlige Toug til Baaden førend de lægge fra Land med Posten, hvorhos tilføies, at de Forsømmerlige i saa henseende ville blive dragne til Ansvar, saafremt Departementet bliver vidende om saadan Efterladenhed” (Lover, Anordninger m.v. Bind XI 1844 – 1846: 40).

Ein må tru at poststyresmaktene meiner alvor her. Tillit er grunnleggjande for verksemder som skal ta hand om andre sine verdiar. Og det var nett dette som var ein av dei viktigaste oppgåvene for posten på denne tida. Transport av verdibrev med pengar i. Då måtte kundane vera trygge på at sendingane kom fram. Stort sett gjekk dette bra, og posten hadde eit godt omdømme, men som denne artikkelen dokumenterer – av og til kom posten bort.

I 1831 var det til dømes eit uhell i den Stavangerske Posttour:

”Til Finans Departementet er indkommet Indberetning om at den fra Stavanger under 19. s. M. afgaaende og til Bergen bestemte Postsæk er blevet borte, idet en Kastevind bragte Postbaaden til at kantre paa Sandeisfjorden noget nordenfor Wigedal. Postførerne bleve reddede, men Postsækken – der er forklaret at have været fastbundet i Baaden – sledes løs under Baadens kantring, og sank paa en Dybde af mindst 100 Favne. De fra Stavanger med bemeldte Post afsendte Pengesummer beløbe til omtrent 850 Spd. Sedler, og 278 Spd. Sølv.

Til Oplysning om de nærmere Omstændigheder ved dette Tilfælde, er Forhør reqvireret optaget” (Departementstidende No 23 – 6. juni 1831).

Dårleg vêr på Vikedalsfjorden i 1831 altså. Henrik Nygaard har funne fram avhøyret om saka frå tinget på Jelsa i Ryfylke, og ein av dei som såg postbåten vel av garde vitna slik:

”………at dei (postførarane Sjur Thorssen og Jens Eriksen Leirbøe - min merk.) hadde festa postsekken i båten som vanleg, då dei hadde ført posten i fleire år, og var pålitelege og gjorde si plikt. Men kjettinglåsen var ikkje god. Ringane i den alenlange kjettingen var i grunnen for store til tverrsplinten i låsen, og kunne derfor ha losna under slingringa i sjøen etter forliset” (Nygaard 1978: 110).

Og fleire episodar skulle koma:

”Ved to i den senere Tid indtrufne Forlis af Postbaade er Postvæskerne gaaede tabt under saadanne Omstændigheder, at det maa ansees hidført ved Tilsidesættelse af den i Postbefordringskontrakterne indeholdte Bestemmelse om, at Postvæskerne ved Baadpostbefordring skulle være fastbundne til Baaden.

Foranlediget herved skal Poststyrelsen anmode DHrr. Postmestre og Postexpeditører, under hvem Baadpostruter maatte sortere, om paa det Strengeste at indskjærpe vedkommende Postbefordrere Nødvendigheden af, at omhandlede Bestemmelse overholdes, samt at foreholde dem det Ansvar, de ville kunne paadrage sig ved Forsømmelighed i saa henseende” (Postcirkulære No 10 – 22. april 1890).

Så seint som i 1905 er sikring av post i båt framleis eit tema i Postverket sitt regelverk. No relativt kort og fyndig, ikkje til å misforstå:

”Hvor posten befordres med baad, maa han (postføraren – min merk.) fastbinde postvæskerne saaledes til baaden, at de hænger fast, selv om baaden kantrer” (Postreglementet 1905. Bilag §8).

Postverket sitt regelverket var tydeleg. Den som førte posten hadde ansvar for å syta for at postveska var godt festa i båten slik at ho ikkje skulle gå over bord sjølv om vêret var dårleg eller båten kantra ved eit uhell. Og då er det på tide å venda attende til Kvinnherad i 1854.

 

 

Etterforsking

Ryktet har gått føre postopnar Lars Knudsen Munketeigen då han skundar seg fram til skrivargarden Undarheim torsdag 6. april 1854. Sorenskrivar Mons Lie kan sjå han frå vindauget, og han veit kva bodskap postopnaren er på veg med. Postbåten er forlist, postveska er forsvunnen og ein postkar frå Vetledale har drukna. ”Du får vera god å koma inn på kontoret, Lars” seier Lie då han opnar døra.

Eit par timar seinare er sorenskrivaren oppdatert på gårsdagens hendingar, og Lars Knudsen har fortalt at han allereie har sendt melding til Bergen Postkontor om forliset. Han arbeider no med å setja opp ei liste over alle verdisendingane som var i postveska.

Det er ein røynd sorenskrivar som går i gang med å førebu etterforskinga av forliset. Mons Lie vart fødd i 1803 på Inderøya i Nord-Trøndelag. Etter juridisk embetseksamen i 1826 og fullmektigkarriere vert han i 1838 byfogd i Tromsø. I perioden 1842 til 1846 er han også postmeister i Tromsø. I 1845 vert Mons Lie utnemnd til sorenskrivar i Sunnhordland, og i 1846 kjem han med familien til Kvinnherad. No set han seg altså til skrivepulten og skriv til amtmannen i Bergen at

”postaabneren paa Teigen anmelder i dette Øieblikk for mig, at Baaden der skulde före Posten fra Postaabneriet Teigen til Roalstvedt er igaar forlist paa Kvindherredsfjorden og een af de tre Mænd der førte Posten omkom ved denne Leilighed, ligesom ogsaa Postvæsken er gaaen tabt. Jeg har antaget ærbödigst forelöbig at turde indberette dette, med Bemærkning at Forhör vil blive optaget til Undersögelse om Nogen har tilregnelig Skyld i det Indtrufne” (Jnr. 1420/1854).

Sorenskrivaren tilføyer at han vil syta for at brev han sjølve hadde sendt med posten vert omskrivne og sende på nytt.

Men nyhende om forliset har allereie kome fram til Bergen. Amtmann Vogt har same dagen sendt brev sørover med melding om at sorenskrivaren må ta opp avhøyr. Så Mons Lie har knapt om tid. Han må avvikla avhøyret snarast mogeleg, og me kan tenkja oss at det er tre forhold som sorenskrivaren har til hensikt å avdekka gjennom vitneavhøyra. For det først sjølve kjeda av hendingar, for det andre i kva grad postveska var forsvarleg fastgjort i postbåten og for det tredje kva postveska faktisk inneheldt.

Han kjem til at det vil vera råd å gjennomføra eit forsvarleg avhøyr førstkomande måndag kl. 10 på sorenskrivargarden, og han skriv straks innkalling. Dei som skal møta for å gjera greie for kva som hende ved forliset mellom ”Postaabneriene Teigen og Roalstvedt” er

· dei postfolka som vart berga

· dei folka på Helvik som var til stades då postbåten segla nordover

· dei som sto for redningsaksjonen

· dei som eventuelt kan seia noko om postveska

· postopnar Lars Knudsen Munketeigen

Postfolka skal medbringa reglane for postføring. Postopnaren skal gjera greie for kva postsaker som gjekk tapt.

Laurdag 8. april sender Mons Lie eit notat til lensmann Helvig som får i oppdrag å forkynne innkallinga til avhøyret til dei aktuelle vitna. Lensmannen får også pålegg om å organisera sokning etter postveska om vêret gjer det mogeleg. Rekninga for dette oppdraget skal sendast postmeisteren i Bergen.

Avhøyret

(Alle sitat i dette avsnittet er frå Sorenskrivaren sin ekstrarettsprotokoll 1848 – 1855 : 328 – 330).

Det er mykje folk samla på sorenskrivargarden Undarheim i Kvinnherad då avhøyret om postforliset byrjar måndag 10. april 1854. Retten sin administrator sorenskrivar Mons Lie er assistert av lagrettemennene Hans Nilsen Onereim og Petter Johannessen Onereim – begge lokale gardbrukarar. Det er innkalla 20 vitne.

Sorenskrivaren vil først vita kva den 27 år gamle postopnaren på Teigen - Lars Knudsen Munketeigen – har å seia om innhaldet i postveska. Han har med seg kopi av ei rekonstruert liste over post som vart sendt vidare nordover frå Teigens postopneri onsdag 5 april. Denne lista er sendt til Bergen Postkontor. Lista viser at 27 bankobrev var omkartert og sendt vidare frå Teigen. Sidan breva opphavleg var innleverte ved andre postopneri kan ikkje Lars fastsetje eksakt kor mykje pengar dei inneheldt, men han antar at det kunne vera om lag 2000 Spesiedalar. For å fastslå den nøyaktige summen må ein ha tilgang til alle timesetlar. I tillegg var det 6 bankobrev i postveska som var innleverte på ”Vahlens Postaabneri”, pålydande til saman 189 Spd & 12 S.

Lars Knudsen kan vidare opplysa at eit eller mogelegvis fleire av breva der sorenskrivar Lie var avsendar, hadde påteikna ”Documenter af Vigtighed” eller ”Obligationer”.

Totalt forsvann altså 33 bankobrev med ein samla sum på om lag 2200 Spd. Godt over ½ million kroner etter noverande verdi.

Sorenskrivaren vil så ha klarlagt kva som hende onsdag 5. april. Hovudvitnet så og seia er postføraren Anders Larsson Kvitne, fødd på Voss i 1826. Han forklarar at han var konstituert som postførar mellom Bergen og Stavanger til utgangen av mars 1854. På veg heim til Bergen kom han til poststasjonen på Helvik 4. april. Der møtte han sørgåande post onsdag 5. april. Han fekk då vita at postførar korporal Nilsen låg sjuk på poststasjonen Sundfjord i Strandvik. Kvitne sa vidare at ”da han saaledes traf Posten uden Bevogtning i Helvigen, besluttede han som Postförer at medtage den sydefter, indtil han traf Posten, som ventedes fra Stavanger”.

Seinare same dagen møtte Kvitne postførar Lambrigt Leknes med nordgåande post eit stykke sør for Helvik. Dei vert samde om at Leknes overtek sørgåande post medan Kvitne tek Bergensposten og reiser nordover. Då han kjem til landhandelen på Herøyo treffer han Lars Larsen Vetledale og Hans Hansen Vetledale som hadde rodd posten over fjorden tidlegare på dagen. Han gjer no avtale med dei om å føra posten nord over fjorden og permiterer Knud Olsen Helvig og Rikard Samsonsen Helvig som opphavleg skulle gjera jobben.

”Ved Heröen bragte Knud Olsen Helvig Postvæsken hen til Baaden fra Lilledahle og lagde den bagi Baaden, idet Dep (Deponenten = vitnet – min merknad) havde taget plads paa Baadens Tofte. Hans Hansen og Lars Larsen Lilledahle indfandt sig derefter ligeledes ved Baaden, begav sig ud i denne, hvorefter de og Dep, havede Postvæsken bag i Baaden, roede fra Land, idet Hans Hansen Lilledahle bandt Postvæsken med hjælp af dens Remmer eller Fester fast under Baugen i Baaden og knyttede Remmerne sammen”.

Kvitne kunne elles opplysa at postveska normalt sett ville ha vore festa med ei jarnlenke, men lenka var i uorden og difor vart veska festa ved hjelp av reimene.

Dei rodde no nordetter fjorden i sterk nordvestleg vind med snøbyer og grov sjø. Dei prøvde å setja segl, men det var uråd. Båten vart fylt med vatn og kvelva fleire gonger. Dei tre karane forsøkte etter beste evne å halda seg fast i båten. Tragisk nok drukna Lars Larsen Vetledale, og postveska forsvann.

Andre vitne i saka kan bekrefta Anders Kvitne sine utsegn. Mons Lie er nøye med å spørje om korleis postveska var festa i båten. Alle aktuelle vitne er samde i at dette hadde gått føre seg på forsvarleg vis. Til dømes:

”Hans Hansen personlig bandt Postvesken fast bag i Baaden, idet han stak de Læderremmer, hvorefter den bærede , omkring Ringen eller Bagknæet i Baaden og knyttede Remmerne sammen med Knuder”.

Mons Lie vil også klarleggja korleis postveska kunne slitna, og forklaringa er dei vankelege vêrtilhøva:

”Hans Hansen saa, medens han holdt sig fast ved den hvælvede Baad, naar denne kantred rundt i Söen, at Postvæsken enda hang fast ved dens Bagstavn, men formedelst den svære Hivning med Baaden og Bölgegang formoder han, at Læderremmerne i vesken maa være afslidt, og Væsken altsaa skildt fra Baaden”.

Og postførar Anders Kvitne ”erindrer og er villig til, om paafordres, at beedige, at han, medens han holdt sig fast ved Baadens Forstavn og, efterat denne havde hvælvet om mange Gange, enda saa Postvæsken med Remmer at henge fast i Baadens bagerste Rum, dog hengte Vesken udenfor Baaden, og Remmerne vare festede indeni, men han finder det rimeligt, at Remmerne ere afslidte under den idelige Omveltning og Bölgegang, som förte Baaden voldsomt op og ned i Söen”.

Me har innleiingsvis i denne artikkelen fått vita korleis dei forulykka fekk hjelp av folk som hadde sett postbåten forlisa. I tillegg til at landhandlar Paul Solensteen forklarte seg om redningsoperasjonen har han også synspunkt på om det er råd å finna att den sakna postveska:

”Det saaledes Omforklarende Person – saavidt skjönner – Kl.: 2 a 3 Eftermiddag sidste Onsdag, Vinden var NV og fôr meget sterk i Bygerne, hvorfor Sögangen var höi, da folk i Fjorden i saadan Stund staar paa Land. Sögangen var saameget höiere, som Ström og Vind saavidt formentlig gik i modsat Retning. Efter Deponentens bedste Indsigt venter han sig intet heldigt Resultat, hvis der soknes efter Postvæsken, formedelst det dybe Vand, Strömmen, og den som der troes - ujevne Grund”.

Avhøyrsprotokollen inneheld ingen konklusjon, men avskrift av avhøyret vert 11. april sendt til Amtmann Vogt i Bergen. Amtmannen brukar kort tid på å gjennomgå saka. Den 13. april 1854 lar han avhøyret gå vidare til Indredepartementet. I brevjournalen skriv han at ”Forhöret ikke foranlediget nogen Foranstaltning af Amtet” (Jnr 1426/1854).

 

Brevet og attesten

Så langt eg kan tolka det føreliggjande kjeldematerialet vart postforliset 5. april 1854 å forstå som eit uhell – ingen hadde ”Nogen tilregnelig Skyld i det Indtrufne”, slik sorenskrivaren formulerer seg i brev til amtmannen. Men det er altså ei kjensgjerning at ein mann drukna, og ein ikkje ubetydeleg sum pengar forsvann. Dette bringar oss fram til brevet (figur 1) og attesten (figur 6) som eg erverva på Skanfilauksjonen.

Ein av dei skadelidne var Jørgen Magnus Mordt. Han var fødd i Kristiania i 1828, tok juridisk eksamen i 1850 og vart deretter sorenskrivarfullmektig hjå sorenskrivar Mons Lie. Mordt hadde sendt eit bancobrev med 8 Spd til familien i Kristiania. Me finn brevet ført opp på den lista som Lars Knudsen Munketeigen la fram under avhøyret hjå sorenskrivaren.

Var det Mons Lie sjølv som oppmoda Mordt til å søkja erstatning? Soga seier elles at sorenskrivaren var kjend for å gje alle ein hjelpande hand og kan hende oppfordra han Mordt til å skriva til amtmannen og be om å få pengane erstatta. I alle høve må Mordt ha tatt turen til postopneriet på Teigen 8. august 1854, og der fått Lars Knudsen til å skriva ut følgjande attest (sjå figur 6).

”Paa Forlangende attesteres, at Fuldmegtig J Mordt med den Post der forulykkedes paa Qvindherreds Fjorden den 5te, April d: A: afsendte et Brev til Mordt i Christiania, hvori 8 – otte – Specidaler. Pengene var af mig talte og Brevet forseglet paa lovbefestet Maade.

Valens Postaabnerie 8`August 1854

L Knudsen

Postaabne”

Kan hende grunnar Mordt litt over korleis han skal formulera seg, men så skriv han følgjande 19. august (teksten frå brevet i figur 1):

”Til Amtmanden i Søndre Bergenshuus

Med hærlagt at tilstille Amtet Attest om at jeg med Posten som forliste paa Qvindherredfjorden 5 April d A, afsendte et Brev hvori var indlagt 8 – otte – Speciedaler tillader jeg mig at nådigst at anmode hr Amtmanden om gjennom vedkommende Departement at foranledige at Pengene bliver mig erstattede og anvist til Udbetaling.

Onereim i Søndhordalnd 19 August 1854

Ærbödigst J. Mordt”

Og dette gav positive resultat. Frå brevjournalen til amtmannen finn med at saka vert sendt vidare til Indredepartementet 25. august (j.nr. 3261/1854). Og i same journal finn me eit inngåande brev 4. september 1854 der Indredepartementet melder at dei har tilvist exam. juris Mordt 8 Spd i anledning av eit bortkomme bancobrev (j.nr. 3489/1854).

Det hjelpte altså å klaga.

 
 

----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

 
I Hordaland Fylkesleksikon som vart gjeve ut i 1952, finn vi følgjande oppføringar frå Herøysundet i firmaregisteret:
 
  • Fjellheim Landhandel - assortert landhandel 
  • J Hjelmeland & sønner - alt i treskjæringsarbeid
  • Helge Hellvik - skibshandel/DS ekspedisjon
  • Brødrene Røsslands Fiskemat A/S
  • Chr. Bjelland & Co hermetikkfabrikk
  • Bringedals Pensjonat
  • Kafé 'Peer Gynt' 

 Nils Harald Kaldestad

 
 

Etter at dette var skreve, fekk eg tips frå E.Gjertsen om Venøy Rederi som rett nok var registert i Bergen, men høyrde heime her i bygda. Det er lite å finna om dei , men dei hadde i alle fall to båtar - M/S Jarløy og M/S Venøy. Eg har ikkje funne noko om Jarløy, men Venøy var det skreve ein del om i Danmark. Nedanfor er ei lenkje til det som omhandla Venøy.

 
 
 
Venoy.pdf
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
11.01.2012
Årsmøte i Herøysundet Idrettslag

ÅRSMØTE I

HERØYSUNDET IDRETTSLAG

Dato: 8. februar 2012

Stad: Bringedalsbygda skule

Klokkelslett: 20:00

29.11.2011
Bygdalaget inviterer til juleverkstad!

Tysdag 6. desember
kl. 16:00 - 18:00
Linker
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS