Postvegen kjem |
| | Eit godt bevart stykke som treng lite rydding |
|
| |
| 9 personar med smått og stort var laurdag i gong med rydding. I tillegg var tre-fire nedom for å få info og gje beskjed om at dei kom seinare. |
| |
| Vanskeleg å sjå at her skal gå veg |
Dugnadsvillige Are og Johannes frå Raudstein tok saman med 7 andre dei første klungerbuskane og bjørnebærriset nord for AMCAR-klubben. Her skal det lagast eit lite stykke ny trase for postvegen mellom Langot og Herøysund. (Den opphavelege traseen forsvann då bossbrenningsanlegget vart bygd.)
|
| |
|
|
| |
|
Det heile såg nokså trøsteslaust ut, men etter to-tre timar kunne ein sjå omlag 50 m både nordover og sørover.
|
| |
|
|
| |
|
Neste laurdag er det på'an igjen. Dei som vil vera med då eller seinare kan senda ein e-post til are.uppheim@knett.no eller til nh-kalde@online.no . Vi prøver å få registrert flest mogeleg som vil ha info via e-post- Dette er mykje lettare enn å springa rundt med plakatar.
|
| |
|
|
| |
|
Det vil også koma ei side under Herøysund Bygdalag - POSTVEGEN. |
| |
| |
|
|
|