Bygdalaget ser for seg at arbeidet blir gjennomført i fleire steg, første steg på vegen er å rydda skog, lyng og brake for å gjera den gangbar. Slik vegen er i dag er den godt synleg dei fleste stader så det vil ikkje kreva for mykje arbeid for å få dette til.
Vegen kryssar riksvegen to stader, ved bosbrenneriet og på Troneset, og her må det litt meir arbeid til for å gjera den mest mogleg trafikksikker.
På sikt håpar bygdalaget postvegen blir ein flott turveg, med høg standard, som alle kan nytta. |