 | | foto: Frøydis N. Mathisen |
Rektor May Liss Kaldestad, saman med elevrådsrepresentantane Simon Korttila og Jeanette Knasbø Langeland, ynskte dei mange frammøtte velkommen til opninga før dei gav ordet vidare til 3. og 4. trinnet som framførte 4 flotte songar leia av Svanhild Haugland.
FAU-leiar Hege Sund haldt ein tale der ho takka for den formidable dugnadsinnsatsen som bygdafolket har lagt ned i plassen, frå så å sei bar bakke for om lag eitt år sidan til ein leikeplass der ungane kan boltra seg i frå morgon til kveld, og då spesielt Åge Aakre, Ellen Aakre og Henry Aakre. Ein må heller ikkje gløyma FAU-leiarane Hege Sund og Marianne Tveit, som og fortener ros.
Ordførar Synnøve Solbakken fekk det ærefulle oppdraget å assistera 1. klassing Kristina Eide med å klyppa over snora, og erklæra leikeplassen for opna.
Etter snorklyppinga vart det servert kaker, kaffi og saft medan dei vaksne preika og ungane koste seg med dei flotte nye leikeapparata.
|