I dag vart det siste leikeapparatet hengt på plass og sikra med rett sand. Dei 9-10 dugnadsvillige tok mange tak med krafser for å få sanden jamna ut inne i ramma av rundstokkar. No er det berre finpussen som står att ved den nordlege enden av skulen. Noko stein som vart grove opp må køyrast bort, men dette er berre småting i høve til det arbeidet som er gjort.
|