|
 | |
Plenfrøet er kome i jorda |  | | Den første skissa til strandområdet. |
| | | Fredag kom plenfrøet i jorda på området rundt sandvolleyballbanen. Vi har alt fått spørsmål om den grøfta som går der. Til det er det berre å svara at vi må sjå kor mykje vatn som kjem for å bestemma om det trengst drenering. Det vert mange timar dugnad enno framover, men det tyngste taket er teke.
| | | |
Så håpar vi at alle, både firbeinte og tobeinte, held seg unna det som er tilsådd slik at det vert grønt og fint til sommaren.
| | | |
Dei første reaksjonane er alt komne på 'uautorisert' hogst - ein surapal og ein hassel er saga ned. Unødvendig herverk meiner mange. Andre seier at stranda no vert opnare og større. Vi reknar med at den/dei som har stått føre hogsten ryddar opp etter seg. | | | | | | | |
|  |
|
|
| | Linker | |  | | | Vêrstasjon | |  |
|