|
 | |
Vårfesten ein suksess | Idéen om ein ny vri på vårfesten vart ein suksess. I eit partytelt ved båthamna samla det seg i overkant av 100 personar. God musikk, dans, allsong og topp grillmat skapa god stemning. Kirsten Tveit hadde skreve tekst til ein bygdasong som vart framført med stort engasjement. (Teksten følgjer nedanfor)
Når komitéen syntest at det var kjekt å laga til, kan vi kanskje håpa på ei gjentaking? | | | | Til bygda vår. Melodi: Saudasongen Tekst: Kirsten Tveit
| | | 1.I Herøysund har me folket, idrettsbane og bygdehus, I Bringedal har dei julagran, når du treng det i hus. Og ved sjøen har me stranda, og god badeplass til tre. No ventar me på sola, for det trenge me.
| | | Ref:…………………….. Det er her me høyre tè. Det er her me helst vil bu. I lag med gamle venner, viss me bare våga tru. Det er her me likar oss best, det e her me føle oss fri. Blant høge fjell og hjortejakt Og ein saueflokk på si.
| | | 2. Og i bygda har me mange, som står på i fleire lag. Dugnadsånd trenge kvar ei bygd, den helde oss i lag. Og Haraldèn annonsera, det er berre å fylgja med. Det er mange her å takka, og me tar ein skål for det, SKÅL!
| | | 3. Å skulle du trenga ein feite bil, så fins det råd for det. Rødsten ordna glise, men pengar kreve det.. Og Sindre grave grøfter, spora vatn over alt. Å gud bedre utan han, fekk`je du din kaffiskvett.
| | | Ref: ……………………
| | | 4. Å i grendahuset kan du møta bygdafolket innibland, for Håkon starta Lp- klubb, ja, det er faktisk heilt sant. Og på kaien finn du Reidaren, han har jobba der ei stund, Han spikkar det du ynskjer, og minner frå han er sunt.
| | | 5. I bygda vår kan du fiska, gå på tur og brenna bål. Og vera i lag med venner, og av og til bli snål. Så husk og kle deg god, og ta turen til lavoèn ein kveld, Og skulle ingen vera der, så kos deg likevel.
| | | Ref:……………………….
| | | |
| | | |
| | | | | | | | | | |
|  |
|
|
| | Linker | |  | | | Vêrstasjon | |  |
|