Framsida
Framsida
Arrangement
Herøysund Bygdalag
Herøysund Grendahus
Herøysund Idrettslag
Herøysund Skulemusik
Herøysund Båtlag
Stranda
POSTVEGEN
Nyttige lenker
Kontakt oss
Nyhende
Kontakt oss
Herøysund Bygdalag
5462 Herøysundet
Bankgiro: 3460.07.52911
Vipps: #661569
Leiar: Ida Marielle Sundland Grindheim
Tlf:
Epost:
leiar@heroysund.no
Kasserar: Tonje Smith
Tlf:482 67 433
Epost:
kasserar@heroysund.no

Gratulerer Herøysund!

Tre prosjekt i Herøysund fekk flotte tildelingar under gåveutdelinga frå Sparebank1 stiftinga.
 
Klikk på bilete for full storleik
Ove tvedt tek i mot på vegne av Interesselaget Postvegen Foto: Kristian Hus

150000, 70000 og  20000 kr vart resultatet for Herøysund på gåvetildelinga i går kveld. Rett nok er Interesselaget Postvegen Ølfernes - Herøysundet mottakar av 150000. Men i og med den store innsatsen på strekninga Trones - Liland før snøen kom, reknar vi med at mykje av pengane går der.

 
Klikk på bilete for full storleik
Henry Aakre tek i mot sjekken. Foto: Kristian Hus

Den andre store summen - 70000 skal nyttast av Herøysun Bygdalag til upprusting av fellesområde i bygda. Både på stranda, og rundt Grendahuset trengst det ein stor innsats. Her er det berre å stå klar med trillebåre og annan reidskap når det vårast. Berre pengar er ikkje nok dersom vi ikkje gjer noko sjølve.

 
Klikk på bilete for full storleik

Den tredje summen går til utbetringar på iderttsbanen. No skal kastøvingane få betre tilhøve med tilløpsfelt for spydkast og oppgradering av kule- og diskosringar.

 

Du finn meir om utdelinga på Husnes Nett: http://husnesnett.no/no/

 

Etter at dette var skreve, har eg fått melding om at det var feil Aakre som fekk æra av å ta i mot pengane til bygdalaget. Rett namn er Frode Aakre. Henry tok mot pengar til Husnes blandakor.

nhk

 
 
 
  Tilbake

 
Linker
Vêrstasjon
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS