Sløyden Rock - ein suksess! |
 | | Spent publikum før konserten |
|
| |
| Eitt år etter at musikkprosjektet 'Sløyden' starta opp, vart fire band presenterte i Grendahuset laurdag. |
| |
 | | Første band på plass |
Kvar i Norge kan vi oppleva fire rockeband til ein billettpris på 50 kr? To timar med god Rock fekk vi oppleva i Herøysund Grendahus laurdag. Fire band med musikarar frå 12 år og oppover til 'gamle' på 50. |
| |
Det var vel få som trudde på Raymond sin 'ville' idè om å laga rockeverkstad i kjellaren på grendahuset. Styret i Bygdalaget var heldigvis positive, og i laurdag høyrde vi og såg resultatet. |
| |
Omlag 25 stykke har kvar veke sine øvingar i ein del av kjellaren. Dette var tidlegare brukt til sløydsal den gongen Herøysund Grendahus heitte Bringedalsbygda skule (til 1970). Dette er også grunnen til at prosjektet vart kalla SLØYDEN. Sjølv om vi tenkjer tresløyd til vanleg er namnet også godt dekkande for aktiviteten i dag. Ein lagar musikk i staden for skjærebrett! |
| |
Laurdag fekk vi høyra noko av produktet 'Sløyden Rock'. Vi håpar på fleire konsertar. |
| |
Bygdefolket takkar for innsatsen til dei eldsjelene som starta det 'ville' prosjektet. Takk for konserten, og endå meir takk for det unike tilbodet unge musikkinteresserte i bygda no har. |
| |
nhk |
| |
 | | "Husbandet" avslutta konserten. Kvar finn vi maken? |
|
| |
|
|
|