Etter avisoppslaga å døma, skal det vera eit rekordår for brunsniglar. I alle fall har vi rikeleg her i feltet. Det kan vera eit ork å leita heile plenen sjølv om det ligg tett i tett. Vi har lagt ut litt bananskal, og etter berre to timar ser det slik ut. Då er det enkelt å plukka. Tre slike åter vart lagt ut og resultatet vart 35 sniglar. Mykje lettare enn å springa plenen rundt - noko som gjev gode resultat (318 i kveld), men tek meir tid. nhk |