Dugnadsfolket på banen snakkar ikkje i så store bokstavar, men ein tur bortom banen syner at ting skjer. For ei tid sidan vart det gjort ein flott jobb med å reparera sarglistene og laga plass for reklameskilt. No kan vi sjå 5 skiltplater på plass, og idrettsbanen går frå nokså nedsliten til å sjå ut som eit stadion. Ikkje noko raudstubb eller fast dekke på løpebanen. Heller ikkje kunstgras eller ekte gras å spela fotball på. Likevel er det mykje trivelegare å sjå banen no! Vi skuldar dugnadsfolket stor takk. nhk |