Kjekk feiring i år også |
 | | Sandvolleyballbanen ein populær plass å vera |
|
| |
| Trass i dårlege vermeldingar vart det ei vellukka Jonsokfeiring i år også. Det heile starta med brurefølgje frå Tveit, grilling, leikar og bål på stranda, før det heile vart avslutta med dans i Grendahuset. |
| |
Dei dårlege vermeldingane skræmde ikkje folket i Herøysund frå godt frammøte på stranda. Omlag 150 menneske fann vegen til den tradisjonelle feiringa. Dei store grillane var klare når brurefølgjet nådde fram. |
| |
Etterkvart kom det også fyr på dei mindre grillane folk hadde med seg og folket kosa seg i små og store grupper. Tradisjonen med ein tur heimom til familien i Herøysundet ved Jonsok held seg. Triveleg å sjå 'gamle' kjende som kjem att med sine familiar på besøk. |
| |
Veret heldt seg mykje betre enn meldingane kunne tyda på. Likevel vart badelivet mindre i år enn normalt. Nokre modige hoppa likevel uti fleire gonger sjølv om fargen på kroppen etter kvart vart rosa. Det store bålet måtte kveikjast litt før tida grunna sterke vindkast. Dei som kom litt seint fekk ikkje med seg alt, men var mest opptekne av å skryta av arrangørane. Dei fortente ros fordi dei nytta høvet til tenning av bålet då vinden gav seg ei stund. |
| |
 | | Godt og varmt sjølv om bålet har flata ut |
|
Når også dansen om kvelden gjekk i pluss, vart det som det heitte i stilavslutninga før: 'Alle var samde om at det hadde vore ein fin dag' nhk |
|
| |
|
|
|