Takk for tips |
| herøysund.no etterlyser stadig tips som kan vera med å halda sidene våre meir interessante. Ingen ting er så kjedeleg som web-sider som ikkje endrar seg. I dag kan vi takka for heile 2 tips. |
| |
 | | Bildet teke 26.05 kl 19.45 |
Utgått på dato!Eit svært positivt prosjekt vart presentert i barnehagen 23 mai. Då treng vi vel ikkje minnast på det 26. mai også? |
| |
|
| |
|
| |
 | | Desse skulle vore i sjøen no |
Kom sommaren for tidleg?Spørsmålet reiser seg i alle fall etter ein tur på stranda. Vi fekk tips om at graset var nokså langt, og bademarkørane ligg på land. |
| |
 | | Her trengst ny matte |
Stupebrettet ser heller ikkje ut til å vera klart for sommaren. |
| |
|
| |
Begge desse tipsa er vel eigentleg av litt negativ karakter, men dei er også viktige påminningar. Det er likevel kjekkast å skriva om positive ting. Ikkje ver redd for å koma med tips. Berre ein telefon eller e-post til ein av oss som står på framsida. |
| |
nhk |
| |
| |
|
|
|