Det vart ein fin dag! |
 | | Toget stiller opp |
|
| |
| Sjølv om vermeldingane trua både med regn og vind, vart toget i år også stort og flott. |
| |
Med flott flaggborg, følgd av eit forsterka skulekorps, starta toget frå skulen etter programmet. Etter musikken følgde barnehagen og skuleklassane før resten kom med. Det var ikkje fullsett tog frå skulen, men toget auka ved kvar sideveg langs ruta. |
| |
Dei heller dårlege meldingane om veret 17. mai slo ikkje til. Når toget starta såg det ikkje så braut. Paraplyane var klare til bruk, men dei fleste let vera å slå dei opp. Vel framme att på skulen kunne vi sjå at toget var like stort som normalt - minst. |
| |
 | | Djup konsentrasjon hos Alva, Siri, Storm og Solfinn under potetløp |
Som dei siste snart 40 åra var skulemusikken med og gjorde ein stor innsats. Det vert noko uforståeleg at det er snakk om å leggja ned aktiviteten frå hauste. Vi får håpa at desse flinke musikarane også er med neste 17. mai. Her må resten av bygdefolket hjelpa til. Det er ikkje nok med gode ord. Det trengst også aktiv handling. Dette gjeld sjølvsagt pengar til utstyr m.m., men viktigare enn det er at foreldre/besteforeldre stør opp om ungane si musikkinteresse. |
| |
 | | Leiker for dei vaksne var også populært |
Med Røysterett for alle fekk vi ein ekstra bonus denne dagen - ei framføring av eitt nokså nytt verk: 'Bruremarsj frå Herøysund til Uskedalen' . Tenk det; Ein eigen marsj! |
| |
Takk til skulemusikken. Takk til Røysterett for alle som trufast stiller opp. Takk til 17.mai komiteen og takk til alle andre som deltok - ikkje alltid like sjølvsagt. |
| |
nhk |
| |
| |
|
|
|