Grendahuset: Jarle Bruntveit, Henry Aakre og Anne-Grethe Høisæther. Jarle Bruntveit har no ansvaret for utleige av huset. Det er mykje i bruk, og det er tydeleg at ein del vedlikehald må påreknast. Det viktigaste er å få bytta vindaugo inne i salen. Elles håpar me å få lakka golvet og bytta ut oppvaskmaskinen. Det er også viktig å sjå om me kan få gjort noko med drenering rundt huset. Elles har det kome på plass brannsikringsutstyr i huset. Grendahuskafeen Grendahuskafeen har open kafe annakvar veke heile året minus juli. Dei har brukt noko av overskotet til å kjøpa nye panner til Grendahuset. Det seier me tusen takk for! Sjå på arrangementsida for å finna datoane for kafeen. Postvegen Are Uppheim vart vald til å fortsetta 2 år til for Herøysund i arbeidet med postvegen i Interesselaget Postvegen Ølfernes – Herøysund. Arbeidet er no i gong for å få på plass den siste strekninga frå Liland mot postbrygga. Trafikksikringsgruppa Arbeidet dreiar seg om å få på plass gang- og sykkelsti i Herøysund. Det er 35 grunneigarar involvert, og trafikksikringsgruppa vilprøva å få kontakt med desse. Vi må kanskje også leggja press på kommunen for å få bli prioritert. Sløyden Sløyden har no fått kjøpt inn det utstyret som trengst for å ha eit skikkeleg og godt øvingslokale. Lokalet vert brukt av fleire ungdomsgrupper, og kvar torsdagskveld er det øving for musikkglade vaksne. |