|
 | |
Vi vant ikkje, men det var god kamp | | | | | I dag hadde Herøysundgutane sin første heimekamp. | | | Gutar 11 hadde sin andre seriekam i dag. Det var Herøysund og Trio som stod for god underhaldning på banen. Eit 30-40 tals foreldre, sysken, besteforeldre og nokre til, fekk bra underhaldning. Sjølv om Trio vann kampen, var det ein frå Herøysundlaget som fann dei rette orda: 'Vi vant ikkje, men det var ein god kamp'. Dette var første heimekampen av 8 i serien. Kjekt at det er seriespel som passar for aldersgruppa. Det er lenge sidan sist. | | | Banen var trimma og klar for cup på laurdag. Som det vart sagt: Det er kjekkare med ein grusbane som er grå, enn som før då den var grøn. Dagnadsarbeidet tek no til å syna att. Ny rack for reklameskilt er på plass, sargane er for det meste retta opp og reparert, og banen er slådda skikkeleg. Dette gjeld både fotballbanen og løpebanen. Godt jobba! nhk | | | | Vi vant ikkje, men det var ein god kamp. Foto Svein Martin Kaldestad |
| | | | | |
|  |
|
|
| | Linker | |  | | | Vêrstasjon | |  |
|