|
 | |
Fjeldheim Landhandel (Joker) er slutt. | | | | Etter 107 år med same familie bak disken, er det no slutt på daglegvarebutikk i Herøysund. | | | Vi har vist det nokre veker, har ant det i nokre månader, men no er det alvor. Klokka fire i ettermiddag stengjer butikken dørene for godt. | | | Sjølv om det er bygda som har mest grunn til å vera lei seg, vedgår Ove at det er med blanda kjensler han no sluttar av. Når det vart slik er han oppteken av å takka for tida han har dreve butikken. Det har vore gode år med trivelege dagar saman med både faste kundar, og dei meir tilfeldige som stakk innom. Han vil også takka dei som har arbeidd trufast på butikken desse åra. Også ei stor takk til flinke ungdomar som har gjort at ein trygt kunne ta nokre dagar ferie i normal ferietid saman med familien. | | | Folket i bygda ha slutta bra opp, men stadig nye krav frå både kundar og vareleverandørar om vareutval, gjer at det ikkje lenger er rekningsvarande med vidare drift. Trist, men det er vel dette som heiter 'utvikling'? nhk | | | | | | | |
|  |
|
|
| | Linker | |  | | | Vêrstasjon | |  |
|