Til trass for ein regnfull sommar og haust i 2011, vart det sett besøksrekord på Gråskallen, med 1370 registreringar. Grunnen til dette er nok at dette turmålet er med i Kvinnheradtrimmen, og at det er mogeleg å nå toppen frå skogsvegen i Onarheimslia. Turmål som viser størst nedgong er Storhaug, Manen og Svartavatnet, alle med ein nedgong på over 30%. Alle turmåla i Herøysundet er svært godt merka, så ikkje vær redd for å gå deg vill! Vi satsar på ein nydeleg sommar og haust, slik at besøkstala når gamle høgder. God tur! |