Meir postveg klar for grusing |
 | | Arealet ved postbryggja skal planerast og grusast |
|
| |
| Eit nytt stykke av postvegen er no klar for grusing. Denne gongen gjeld det dei siste meterane ned til postbryggja i Helvik. |
| |
Dei siste dagane har det vore stor aktivitet kring Postbryggja i Herøysund. Det er området mellom bryggja og bygdevegen som vert planert og klart for grusing. Det same gjeld nederste delen av postvegen. |
| |
Dei siste meterane av postvegen har vore utan nødvendig vedlikehald i mange år. Vegen har vore delvis gjengrodd, og delvis djupe bekkefar i hjulspora. Altså lite eigna både for gåande og køyrande. |
| |
Etter denne jobben er ferdig er det berre stykket mellom Liland og Helvik som står utan ei klar løysing når det gjeld traseval. På dette stykket ligg hus både på og tett ved postvegen. Dersom desse grunneigarane syner same velviljen som resten som ligg ved vegen, skal det ikkje vara så lenge før dette stykket også er klart. |
| |
Då er det 'berre' ein fjellknaus på Trones som står att. Her forsvant postvegen då riksvegen vart bygd/utvida. Her må ein i dialog med vegvesenet om frisiktsoner m.m. nhk |
| |
 | | Dei siste meterane av postvegen i Herøysund skal få grus |
|
| |
|
|
|