|
 | |
Lita interesse for butikken | | | | | Berre eit trettitals personar møtte fram i Grendahuset for å diskutera butikken | | | Som det har vore skreve om i lokalavisene, er det snart slutt for noverande eigar med å driva Jokerbutikken i Herøysundet. | | | Herøysund Bygdalag hadde invitert til idèdugnad med temaet 'Vil du ha butikk i Herøysund?' Mellom dei vel tretti som møtte var det vanskeleg å fordøya at det no var sluttt på butikken. Mange meir eller minde luftige tankar kom fram, men det meste stranda på varepris. Dei mindre kjedebutikkane får langt dårlegare avtalar med grossistane, enn dei store. Dermed vinn også dei store kjedene konkurransen om kundane mykje på grunn av pris. Lite salsvolum gjev dyrare varer. Spørsmålet er om bygda har noko av skulda sjølv? | | | Eigaren av butikken stilte opp og svara på spørsmål så langt han kunne. Ove fekk ein samla applaus for det han hadde vore for bygda. Han hadde pr i dag ikkje fått konkrete interessentar til å kjøpa butikken. Så desverre ser det ut til at vi må til Uskedalen eller Husnes for å kjøpa 'billege' varer. (Godt at bensinen er billig!) | | | nhk | | | | | | | |
|  |
|
|
| | Linker | |  | | | Vêrstasjon | |  |
|