Framsida
Framsida
Arrangement
Herøysund Bygdalag
Herøysund Grendahus
Herøysund Idrettslag
Herøysund Skulemusik
Herøysund Båtlag
Stranda
POSTVEGEN
Nyttige lenker
Kontakt oss
Nyhende
Kontakt oss
Herøysund Bygdalag
5462 Herøysundet
Bankgiro: 3460.07.52911
Vipps: #661569
Leiar: Ida Marielle Sundland Grindheim
Tlf:
Epost:
leiar@heroysund.no
Kasserar: Tonje Smith
Tlf:482 67 433
Epost:
kasserar@heroysund.no

Herøysund Idrettslag 40 år!

Klikk på bilete for full storleik
Ein sjarmerande gjeng oppstilt på banen.
 
Denne helga har stort og smått vore samla for å feire Herøysund Idrettslag sitt 40 års jubileum.
 
Klikk på bilete for full storleik

Dagen starta med at alle dei aktive medlemmane defilerte inn på idrettsbanen. Alle dei ulike gruppene var godt representert bak kvar si fane:

 
Klikk på bilete for full storleik
Oldboysen fekk hjelp til å bæra fana si!
  • Foreldre/barn 2-5 år
  • Turn 5-7 år
  • Fotball 6-12 år
  • Friidrett
  • Dametrim
  • Oldboys

Når alle medlemmene hadde stillt staseleg opp på banen fekk vi dagens tale av Henry Aakre. Han var ein av mange som var med å stifta Herøysundet Idrettslag for heile 40 år sidan. Mange sette stor pris på å høyra detaljar om stiftinga, samt gode minner frå farne tider. Ingen tvil om at Herøysund har og har hatt mange eldsjeler som har gjort ein fantastisk innsats for bygda.

 
Klikk på bilete for full storleik
Dansarane

Etter talen heldt dansegruppa ei fantastisk framvisning. Alle hadde tupert håret og kledd seg i svart. Ein ung men proff gjeng framførte med glans! Deira framvisning vart avslutta med felles oppvarming for heile bygdafolket. Stemningen var på topp.

 
Klikk på bilete for full storleik
Ei av mange fantastiske kaker som var laga av Siv Veronica Fjelland;bygdas eigen konditor!

Dagen fortsette med fantastiske kaker, nytrekt kaffi og saft for dei frammøtte. Store og små koste seg med natursti, 'kven kan score på Anjo', eggekasting, mjølkespannkasting, tippekonkurransar, lengdehopp osb.

 

Veret heldt seg ganske bra. Litt yr i lufta på tampen, men det sette slett ingen dempar på arrangementet!

 

HIL (FNM)

 
Klikk på bilete for full storleik
 
 
  Tilbake

 
Linker
Vêrstasjon
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS