 | | Stein til reparasjon er på plass |
Postbryggja i Helvik fekk store skadar i ein storm/orkan vinteren 1952. Etter som bryggja ikkje var i bruk, vart den ikkje reparert og forfallet har berre auka. For ein del år sidan var postbryggja eitt av kulturminna i Kvinnherad som vart fokusert på. Den gongen var det Sunde som nådde toppen av lista. Noko pengar til reparasjon har stått på konto, men det har ikkje vorte noko meir før Postvegen Ølfernes-Herøysund den siste tida har vore i fokus. |