Framsida
Framsida
Arrangement
Herøysund Bygdalag
Herøysund Grendahus
Herøysund Idrettslag
Herøysund Skulemusik
Herøysund Båtlag
Stranda
POSTVEGEN
Nyttige lenker
Kontakt oss
Nyhende
Kontakt oss
Herøysund Bygdalag
5462 Herøysundet
Bankgiro: 3460.07.52911
Vipps: #661569
Leiar: Ida Marielle Sundland Grindheim
Tlf:
Epost:
leiar@heroysund.no
Kasserar: Tonje Smith
Tlf:482 67 433
Epost:
kasserar@heroysund.no

Positivt årsmøte

Utskiftingar i styret
 

På årsmøtet i går kveld takka leiar og kasserar for seg etter fire år i styret denne gongen. Valnemnda hadde klar nye namn: Frode Aakre, Gunnhild Nilsen og Trond Martin Bjelland. Frå før set Anne-Grethe Høisæther og Stian Natersted. Det nye styret har ikkje konstituert seg enno.

 

Utskiftinga vart også merkbar i styret for Grendahuset. Etter fleire år med stor innsats, meinte Håkon, Raymond og Siv Veronika at det var tid for å sleppa til andre. Men engasjementet er ikkje slutt. No er det musikkprosjeket SLØYDEN som får godt av arbeidskapasiteten.

Anne-Grethe Høisæther har no teke ansvaret for utleigeaktiviteten. Du finn ho på tlf 928 84 394 når du treng lokale til ei festleg samkome eller møte.

 

Det vart ingen auke i medlemspengane. Difor kan alle senda 100 kr (50 for 15-20 år) til bankkonto 3460.0752695 og merka innbetalinga med Medlemspengar.

 

I år som i tidlegare år var frammøtet alt for lite, men trass alt 1 meir enn i fjor. Det positive er at dei som møter er positive til Bygdalaget, og gjev uttrykk for dette både med ros og konstruktiv kritikk.

 
 
 
  Tilbake

 
Linker
Vêrstasjon
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS