Storprosjekt i gong |
| Nokre musikkentusiastar har sett i gong Musikkprosjektet SLØYDEN i kjellaren i Grendahuset. |
| |
| Musikkprosjektet SLØYDEN |
| |
 | | Gamle heltar og komande brukarar |
|
5-7 exmusikarar/musikkinteresserte har no teke initiativ til å få ein plass å vera for ungdom i bygda som er interesserte i å læra å spela i band. No har entusiastane, i samarbeid med Herøysund Bygdalag, sett i gong med å rydda kjellaren i den gamle delen av grendahuset. Då gamleskulen var i drift, var dette sløydsalen. |
Prosjektet er delt i tre deler og vert realisert etter kvart som pengane kjem. |
| |
Del 1 Riving/reparasjon/oppussing av «Sløyden» Del 2 Kjøp av instrument/songanlegg Del 3 Grøfting og tetting av grunnmur i den «nye» delen av kjellaren. |
| |
Saka har vore til handsaming i styret for grendahuset, og der var det ingen negative merknader. Siste styremøte i bygdalaget hadde berre positive merknader, og løyvde 10000 kr til prosjektet. I tillegg betalte kvar styremedlem 500 kr og utfordar no alle som har gått på sløyden i gamleskulen til å følgja opp! Det same gjeld sjølvsagt dei som ikkje har gått i gamleskulen! |
| |
Status er følgjande: Det er budsjettert med 150.000 kr og pr i dag har vi 22.500. Kjempeflott start! (Før vi eigentleg er i gong) |
| |
Muntleg har vi fått positiv stønad frå kommunen, men her vert ikkje tildelinga før i sommar. Vi håpar også på stønad frå næringslivet som ser det positive med eit ungdomstilbod i bygda. Men som så ofte før er det bygdefolket som er dei sikraste vi kan lita på. |
| |
Tek du utfordringa frå bygdalagsstyret, kan du gjera dette ved å bruka |
| |
bankgiro 3460.07.52695. |
| |
NB! Merk innbetalinga med MUSIKK |
| |
| |
|
|
|