|
 | |
Vi har passert 100 medlemer! |  | | Geir Nilsen medlem nr 100 i 2010 |
| | | | Innbetalinga frå Geir Nilsen vart registert som nr 100 i medlemslista. | | | Geir Nilsen som har vore medlem i Herøysund Bygdalag i mange år, vart den som i år fekk registert innbetaling nr 100. Dette måtte sjølvsagt markerast. Leiaren i bygdalaget, Marianne Tveit fekk endeleg klaff og trefte Geir heime slik at blomar kunne leverast. | | | 100 betalande medlemer har lenge vore målsetjinga for bygdalaget. I år greidde vi det. Pr i dag har vi fått innbetaling frå 103 - ny rekord. Mange nye namn er dukka opp i år. Nokre som før har betalt, manglar i lista. Desse har kanskje forlagt giroen, eller gløymt kontonummeret? Skulle du vera ein av desse så er det enno to månader att av året. Kontonummeret er 3460.07.52695. | | | | | | | |
|  |
|
|
| | Linker | |  | | | Vêrstasjon | |  |
|