"Kånevegen" |
 | | Før grusing |
|
| |
| Torvald Bru tok tak i spaden og hindra at vegen forsvann. |
| |
Før dei store regnbyene tidlegare i haust, tok Torvald Bru spaden fatt og reinska opp i grøfta langs 'Kånevegen'. Dette vart ei effektiv hjelp då storregnet kom. Vegen vart redda. Takk til Torvald! |
| |
Arbeidet som var gjort var ikkje nok på lengre sikt. Mykje av grusen var vekke, og styret i Bygdalaget ba om kostnadsoverslag frå fleire entrepenørar. Kvinnherad Maskin vart den rimelegaste. I forrige veke vart grøfta reinska og i dag køyrer dei ut grus. |
| |
Herøysund Bygdalag har hatt den på ønskjelista i mang år, men så var det dei pengane då. No har vi hatt ein stabil og god oppslutnad i bygda og vi våga å setja i gong. Så får vi berre håpa at vegen vert til glede og nytte for bygdefolket. |
| |
Vi må også få takka grunneigaren langs vegen som var så positiv då vi bad om løyve til å gjera noko! |
| |
|
| |
 | | Etter grusing - stor skilnad sjølv om breidda ikkje er så stor som bildet tyder på. |
|
| |
|
|
|