Etter iherdig innsats av 15-20 flinke og kreative dugnadsfolk, er Grendahuset ikkje til å kjenna igjen.
Fine detaljar i garderoben
Stordugnaden som vart starta sist helg, vart avslutta torsdag. No har sal, garderobe og toalett fått ei stor 'ansiktsløfting'. I tillegg er kjellaren rydda, utedør er sett inn, og det knuste vindauga har ein desverre vore nøydd til å blenda etter n'te gong med knusing.
Innbydande toalett
Håkon ytra litt skepsis med omsyn til økonomien, men dette og gjekk fint. I løpet av 24 timar kom det inn 1500 kr over nettbanken til konto 3460.07.52911. Flott respons!.
God orden i kjøkkenskap - merking på plass på hyllekant
Vi skulle eigentleg hatt ein stor bildeserie med før/etter. Likevel håpar vi bilda talar for seg. Bygda har verkeleg noko å takka for til dei som stilte opp på dugnaden!