Framsida
Framsida
Arrangement
Herøysund Bygdalag
Herøysund Grendahus
Herøysund Idrettslag
Herøysund Skulemusik
Herøysund Båtlag
Stranda
POSTVEGEN
Nyttige lenker
Kontakt oss
Nyhende
Kontakt oss
Herøysund Bygdalag
5462 Herøysundet
Bankgiro: 3460.07.52911
Vipps: #661569
Leiar: Ida Marielle Sundland Grindheim
Tlf:
Epost:
leiar@heroysund.no
Kasserar: Tonje Smith
Tlf:482 67 433
Epost:
kasserar@heroysund.no

Opning av ballbingen i Herøysund

Klikk på bilete for full storleik
Fotballkamp
 

Onsdag kunne Herøysundbuane stolt klyppa snora på den nye ballbingen ved Bringedalsbygda skule.
 
Klikk på bilete for full storleik
Leikeland (KS Utleige)

Etter ein lang periode med intens planlegging og iherdig dugnadsinnsats er den etterlengta ballbingen endeleg klar til bruk.

 
Klikk på bilete for full storleik
Jentene kosar seg før snorklypping!

Store og små samla seg i hopetal for å sjå resultatet. FAU har utan tvil gjort ein innsats det er vanskeleg å få rost nok!

 
Klikk på bilete for full storleik
Skulemusikken stiller opp!

Under opninga hadde FAU trekning av tidligare solgte 'plankar', 5 eigarar vann 2000,- kvar i gåvekort hjå JOKER Herøysundet. Dette var ei kjekk overrasking for vinnarane:)

 

I tillegg til flett ny ballbinge hadde festkomiteen leigd inn eit leikeland hjå KS Utleige på Husnes. Ungane storkoste seg og køane var lange.

 

Etter at snora vart klypt arrangerte Kjetil og Siv fotballkamp, basketballkamp, sekkeløp, svampeløp, limbodansing mm. Dette lokka fram latteren i dei fleste. Det var ikkje heilt utan utfordring for den eldre garde som var med. Med armar og bein lenka saman var det ikkje lett å få ballen i mål.

 

Takk til alle som har bidratt med å få dette til!

 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Eit kakebord av dei sjeldne
 
 
  Tilbake

 
Linker
Vêrstasjon
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS