God gammaldags basar |
 | | Mange flotte vinstar! |
|
| |
| Herøysund Grendahus hadde den årlege basaren i ettermiddag. |
| |
50-60 frammøtte skapa god basarstemning i Grendahuset. Kaker, kaffi og saft var gratis på inngongsbilletten. Når det i tillegg vart trekt ut fruktkorg og fleire andre fine vinstar, syntest alle at det var praktisk med inngongsbillett i staden for å stå i kø for å kjøpa kaffi og kaker. |
| |
At kakene var gode kan dei som tok fleire rundar skriva under på. Men hovudsaka var likevel gammaldags åresal og trekking av bokvinstane. |
| |
Husstyret vil nytta høvet til å takka for alle flotte vinstane. Her kunne ein finna alt frå påskesnop til sykkel. Eller eit par tjukke labber og tradisjonell frukt/snopekorg. |
| |
Kva pengane skal brukast til? I år er det først og frems utearealet som skal få ei oppgradering. Parkeringsarealet skal stramast inn, og litt plen og planter skal på plass. |
| |
Dei som gjekk glipp av denne basaren skal berre venta ein god månad. 1. mai er det skulemusikken sin tur! |
| |
 | | Kvar sitt poskeegg må vera god utteljing |
|
| |
|
|
|