Framsida
Framsida
Arrangement
Herøysund Bygdalag
Herøysund Grendahus
Herøysund Idrettslag
Herøysund Skulemusik
Herøysund Båtlag
Stranda
POSTVEGEN
Nyttige lenker
Kontakt oss
Nyhende
Kontakt oss
Herøysund Bygdalag
5462 Herøysundet
Bankgiro: 3460.07.52911
Vipps: #661569
Leiar: Ida Marielle Sundland Grindheim
Tlf:
Epost:
leiar@heroysund.no
Kasserar: Tonje Smith
Tlf:482 67 433
Epost:
kasserar@heroysund.no

Bringedalsbygda Montesorrisenter

For dei fleste er dette noko heilt ukjent, og vi har snakka litt med Kåre Hagan for å få veta littt meir.
 

Det som har skjedd

Då kommunestyret vedtok at skulen i bygda skal leggjast ned, var det nokre som ikkje let seg diktera. Foreldre og andre tok til orde for å undersøkja litt om privatskule. Ideen vart positivt motteken, og snart var 100000 kr sikra til aksjekapital. Bringedalsbygda Montesorrisenter vart skipa 9. des. 2009 og registrert i Brønnøysund 23.01.2010. Styret er samansett slik: 

Leiar: Kåre Hagan

Nestleiar: Åge Aakre

Styremedlemer: Bente Lorentzen, Egle Aasamäe og Lindy Hjelmeland

 

Kva skjer vidare?

I og med at privatskule og kanskje særleg Montesorriskule er så pass ukjent, er det mange slags rykte som går i bygda. Det vert seinare ei grundig orientering med m.a. besøk frå ein skule som driv som privatskule. I mellomtida kan du finna mykje stoff på internett. Nedanfor finn du ei side med mykje interessant stoff.

 

http://www.montessorinorge.no/ 

 
 
 
  Tilbake

 
Linker
Vêrstasjon
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS