Framsida
Framsida
Arrangement
Herøysund Bygdalag
Herøysund Grendahus
Herøysund Idrettslag
Herøysund Skulemusik
Herøysund Båtlag
Stranda
POSTVEGEN
Nyttige lenker
Kontakt oss
Nyhende
Kontakt oss
Herøysund Bygdalag
5462 Herøysundet
Bankgiro: 3460.07.52911
Vipps: #661569
Leiar: Ida Marielle Sundland Grindheim
Tlf:
Epost:
leiar@heroysund.no
Kasserar: Tonje Smith
Tlf:482 67 433
Epost:
kasserar@heroysund.no

Positivt årsmøte i bygdalaget

Marianne Tveit tok attval som leiar då Herøysund Bygdalag heldt årsmøtet sitt sist torsdag.
 

Trass i OL og skiskyting, vart årsmøtet i bygdalaget greitt avvikla som planlagt. Med gode tal i rekneskapen, ligg alt til rette for god aktivitet i komande år også.

 

Litt kritiske røyster meinte at bygdefolket var forlite oppteken av bygdalaget. Med ein medlemskontingent på 100 kr burde oppslutnaden vore mykje større. Det er mykje å gå på når ein ser at det berre er 94 stykke som har betalt. Av desse er det 29 heilt nye medlemer, medan 67 betalte i 2007 og/eller i 2008, men ikkje i 2009. Kanskje er ikkje bygdalaget flinke nok til å informera om det dei driv på med?

 

Den største investeringa i året var ny plenklyppar til stranda. Dugnaden med plenklypp og toalettvask gjekk bra, men fleire kunne meldt seg på slik at det ikkje vart dei same som måtte ta tak.

 

Inntektsmessig var Grasrotandelen ein suksess - 12515 kr vart resultatet utan meir innsats enn det tipparane gjorde ved å registrera bygdalaget som mottakar.

 

Dei store sakene i år vert utskifting av markeringsbøyene utanfor badeplassen, og kanskje reparasjon av postbryggja i Helvik. 

 

Undergruppene i bygdalaget har hatt varierande aktivitet.  Den største gruppa, Grendahus Kafe, har hatt god oppslutnad på kafetorsdagane, og hadde ein fin dagstur til Tjødnadalen gard i Hildal (Odda).

 

Strandgruppa har fått pynta litt langs riksvegen og hadde ein stri tørn med ugras på nedsida av vegen til båthamna. Dette kom i tillegg til organisering av plenslått og vask.

 

Postveggruppa har organisert rydding langs postvegtraseen Liland - Raustein, og laga bru over Otro. Det er utført over 300 dugnadstimar fordelt på 22 vaksne og nokre ungar.

 

Etter årsmøtet vart det opna for andre saker som opptek. Kåre Hagan orienterte litt om Bringedalsbygda Montesorrisenter. Håkon Hjelmeland snakka litt om grendahuset. Men noko store diskusjonar vart det ikkje - skiskytinga venta!

 
 
 
  Tilbake

 
Linker
Vêrstasjon
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS