Jubileum for Grendahus kafe! |
| 20 personar trassa snødekte og litt glatte vegar, og møtte fram i Grendahuset. |
| |
Bra start på Grendahus-kafeen Trass i snø og glatte vegar, hadde 10 personar funne vegen til Grendahuset torsdag ettermiddag. Menyen var ein koseleg prat og kaffi med noko attåt. |
| |
Dette skreiv vi for nøyaktig eit år sidan. Då vart Grendahus-kafe i noverande form starta opp. I ettermiddag var det 20 som møtte fram - altså dubbelt så mange som første gongen. |
| |
Menyen har ikkje endra seg dette året - ein god prat er hovudretten. Nokre kaffikoppar og noko å bita i høyrer med. Når det også er med ein omgong meg åresal, vert torsdagen perfekt. |
| |
Litt handarbeid dukkar også opp. I dag etterlyste Astrid Haugse gamle mønster som er nytta på forkle til Hardangerbunad. Har du ein gammal forklesaum, er Astrid interessert i å registrera og ta fotokopi av denne. Målet er på sikt å få til ei lita utstilling som syner dei variasjonane vi finn på forklesaumen. |
| |
Neste kafedag er torsdag 18.febr. kl 13:00, og då er du velkomen! Lista over kafedagane finn du når du klikkar på Arrangement til venstre på denne sida. |
| |
| |
|
|
|