Kva vil du skal skje i bygda vår? |
Prosjektet 'Kva vil du skal skje i bygda vår' hadde den tredje og siste samlinga i går kveld. I alt 26 personar har vore med på arbeidet som starta opp med eit stort spørsmålsteikn den 26. april. Svaret var 'vi held bygdamøte' Første samlinga var 13. september. Vi enda då opp med 50 nye stikkord i tillegg til dei 20 styret i Herøysund Bygdalag hadde frå før.
|
| |
|
|
| |
|
På møtet 20 september fekk vi slege saman, og delvis starta opp tiltak slik at 'berre' halvparten stod att. Dei fire viktigaste større prosjekta vart då prioriterte:
- Skulen - FAU har hovudansvaret for prosjektet
- Idrettsbanen - styret i HIL har hovudansvaret for utbetring
- Grendahuset - styret i Herøysund Grendahus har hovudansvaret
- Strandområdet - ei prosjektgruppe vart vald.
|
| |
|
|
| |
|
På møtet den 4. okt. kunne ein konstatera at dei tre første punkta var under realisering, men prosjektgruppa for stranda ikkje har hatt møte enno.
|
| |
|
Dermed kunne ein ta eit steg til. Henry Aakre vart vald til å samordna dugnadsarbeidet. Ann Karin Andersen tok på seg ein dør-til-dør aksjon for å registrera dei som vil vera med på dugnad.
|
| |
|
Ove Myklebust kallar inn nemnda som skal sjå på utvikliga vidare i bygda, og kasserarane i dei forskjellige laga vart oppmoda om å samordna arbeidet slik at ein ved størrre prosjekt samarbeider mht offentlege midlar.
|
| |
|
Dermed kan vi slå fast at Herøysund Bygdalag har utført eit bygdeutviklingsprosjekt. Rett nok på amatørbasis, men likevel med positive verknader. |
| |
| |
|
|
|