Framsida
Framsida
Arrangement
Herøysund Bygdalag
Herøysund Grendahus
Herøysund Idrettslag
Herøysund Skulemusik
Herøysund Båtlag
Stranda
POSTVEGEN
Nyttige lenker
Kontakt oss
Nyhende
Kontakt oss
Herøysund Bygdalag
5462 Herøysundet
Bankgiro: 3460.07.52911
Vipps: #661569
Leiar: Ida Marielle Sundland Grindheim
Tlf:
Epost:
leiar@heroysund.no
Kasserar: Tonje Smith
Tlf:482 67 433
Epost:
kasserar@heroysund.no

Grendahus-kafe


Har ikkje du lyst på litt avveksling i kvardagen?


 

Torsdag 29. hadde me laga til med betasuppe, kaffi og wienerbrød. Dette for å laga det koseleg for dei som ville koma og delta i den sosiale praten og å vera med på trekkinga av alle dei flotte gevinstane som me hadde på bøkene. Me som prøver å halda liv i dette føretaket lurer på kvifor ikkje fleire vil vera med. Når me snakkar om kafeen synest alle at dette er eit flott tiltak og at dette vil dei vera med på. Det er berre annankvar torsdag, og du sit heime likevel.

 

Det kostar ikkje mykje å gå på kafeen, vanlig kr. 25,- for kaffi og vaflar. Kr. 50,- då vert det servert betasuppe kaffi og wienerbrød eller vaflar. Ja me har og ein omgang med åresal for å få dette til å henga saman økonomisk.

 

Dette er ikkje berre for pensjonistar, kafeen er open for alle. Her blir du kjent med dei du ikkje viste kven var, og det betyr at me sveiser bygda saman til eit fellesskap. Er ikkje dette ok då?

 

NB. Har du problem med skyss så ordnar me dette! Ring 473 77 965

 

Komiteen for Grendahus-kafe

 
 
 
  Tilbake

 
Linker
Vêrstasjon
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS