Stor kveld i Grendahuset. |
I går kveld var det mange i Herøysund som gjekk glipp av eit flott tiltak. |
| |
| Det var Arne Draugsvoll saman med resten av Kvinnherad Folkemusikklag som skipa til kulturkveld i Herøysund Grendahus. Naturleg nok var det folkemusikken som var i fokus. I tillegg til Folkemusikklaget, fekk vi høyra to avdelingar med Røysterett for alle. |
| |
Folkemusikk er berre for dei gamle trur mange. Dette vart grundig motbevist i går kveld. Yngste deltakar var 10 år gamle Sondre Seim Bratland, elev ved musikkskulen i Odda. Irene Bjørke og brørne Torjussen kan heller ikkje gå for å vera gamle. Derimot må kanskje 88 år gamle Kristian Bruåsdal reknast som gammal når vi reknar på år. Men dette viser ikkje att i fingrane som flyg over halsen eller armen som fører bogen over strengene. |
| |
I tillegg til dei yngste solistane fekk vi høyra Maria Malmsten med folketonar frå Jämtland og fleire stader i Norge. Arne Jordan frå Odda gav oss slåttar frå Hardanger og andre stader i landet. Det som er så interessant med denne musikken er at den ikkje så ofte let seg stadfesta. Den vert lært frå generasjon til generasjon, frå den eine landsdelen/bygda til den andre. |
| |
Med så pass langt program, var det ekstra god med betasuppa omlag midt i programmet. «Suppekokarar» var Grendahuskafeen, og dei fekk mykje godord. Du som ikkje var det, gjekk glipp av ein flott kveld. |
| |
Du finn meir om kvelden ved å gå inn på http://www.uskedalen.no/no/nyhende/3941/ |
| |
| |
|
|
|