|
 | |
Pensjonistar på tur |
Medan dei yngste kosa seg på idrettsbanen sist torsdag, var 20 godt vaksne på tur til Tjødnadalen. | | | | | | I det fine haustveret var 20 godt vaksne på tur til Tjødnadalen, Odda. Arrangør var Grendahuskafeen med Astrid og Henry som 'reiseleiarar'. | | | Etter ein god times busstur, var vi i Odda og klar for ein handlerunde. Ikkje alle var like interesserte i handel, men plasserte seg i solveggen. | | | Dei som gjekk litt rundt, kunne finna ein flott utstilling av fotografi frå gamle industristader. Bilda var i storformat og plasserte nedanfor busstasjonen i Odda. Vel verd eit titt. | | | Det viktigaste med turen var ikkje handel, men eit besøk med middag på Tjødnadalen Gard. Her vart vi godt mottekne av verten Anders Gavle som fortalde om garden. | | | Ein spennande historie som lett kunne verta til ein krimroman, eller om ein ide som nærast vart til galskap. | | | | | | | |
|  |
|
|
| | Linker | |  | | | Vêrstasjon | |  |
|