Framsida
Framsida
Arrangement
Herøysund Bygdalag
Herøysund Grendahus
Herøysund Idrettslag
Herøysund Skulemusik
Herøysund Båtlag
Stranda
POSTVEGEN
Nyttige lenker
Kontakt oss
Nyhende
Kontakt oss
Herøysund Bygdalag
5462 Herøysundet
Bankgiro: 3460.07.52911
Vipps: #661569
Leiar: Ida Marielle Sundland Grindheim
Tlf:
Epost:
leiar@heroysund.no
Kasserar: Tonje Smith
Tlf:482 67 433
Epost:
kasserar@heroysund.no

Kjekt med turnering!

Herøysund Idrettslag kan melda om eit yrande liv på banen siste sundagen i september. Nok ein cup for miniputtane har gått av stabelen.

 

Det var påmeldt 30 lag med ca. 200 spelarar til cupen denne sundagen.

Totalt vart det spelt 45 fotballkamper i eit regnver ein ikkje kan forestille seg. Sjølv om det regna 5 timar i strekk fekk ungane verkeleg vist seg fram.

 

Nye drakter

Miniputtane har etter ein heftig budrunde fått sponsa nye drakter! Lokale bedrifter i kommunen har vist stor interesse for å få akkurat SIN logo på draktene. Herøysund Idrettslag vil retta ein stor tak til fylgjande firma:

 

NOREQ AS (Husnes),

TESS (Sunde),

Rødsten Bilforretning (Herøysund)  og 

JOKER (Herøysund).

 

Målet med denne budrunden var å få inn så mykje pengar at vi hadde eit overskudd til ballbingen på skulen. Vi kan melde om 2-3-000,- til overs!

 

Kø i kiosken

Klubbhus komiteen kan melde om bra salg av pølser, lappar, brus og is. Varme lappar gjorde susen i det dårlege veret.

 

Takk for bra oppmøte, vi gler oss til neste cup.

Herøysund Idrettslag.

 
 
 
  Tilbake

 
Linker
Vêrstasjon
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS