Denne torsdagen lokka Grendahuskafeen med ekstra tilbod. Ikkje berre var det betasupa kaffi og kaker, men vi fekk også besøk av ein kvartett av Kvinnherad Folkemusikklag. Under leiing av Arne draugsvoll fekk vi høyra mange feiande slåttar og dansar. Kombinasjonen av to hardingfeler, ein bass og eit trekkspel, fekk det til å høyrast ut som eit mykje større orkester. Eit høgdepunkt! |