|
 | |
Barnelag i Bringedalsbygda bedehus | | Da er nå omlag 10 år sidan da har vore sundagsskule eller Vinglag i Herøysund. Derfor har me no tenkt å starta eit barnelag i Bringedalsbygda Bedehus. | | | | Kan være greit med litt aktivitet der og? Nytt flislagd golv har bedehuset fått og da er blitt vøla på kjøken der. Me har tenkt at dei som ber borna sine til dåp, skal få litt hjelp med det dei då lovar; - å oppdra bornet i den kristne trua. Da vil verta ein liten Bibelforteljing/andakt, song av kristne barnesangar, ein hobbyaktivitet og kansje litt å bita i. Fyrste gong for detta barnelaget, har me satt av mandag 28.sept. kl 17.30. Blir truleg bortimot 1 1/2 times samling. Nå veit me ikkje sikkert kva alderstrinn da kan høva mest for. Da kan tenkast at skal mindreårige koma, bør dei ha ein vaksen med seg. Er dei frå 5 år og oppover, klare dei nok å vera med oss vaksenleiarar aleine den stunda. Høvar da ikkje den fyrste gongen for ditt barn/barnebarn, satsar me på samling annankvar mandag i partalsveker. (Ikkje i feriar til skulen) Laget har ikkje fått noko namn endå, kansje barna kan hjelpa oss med det? Gler oss til å møta barna her, vonar mange finn vegen til bedehuset! Linda og Jan Tvedt | | | | | | | |
|  |
|
|
| | Linker | |  | | | Vêrstasjon | |  |
|