Indianarane kjem! |
|
| |
| Torsdag kveld myldra det av liv i Herøysund Båthamn. 1. og 2. klassingane overnatta saman med lærarar og eit knippe med kjekke foreldre. Alle var innstilt på ei natt med lite søvn.... |
| |
Kvelden starta med å rigga til telt, soveposar, kosebamsar, luftmadrasser, grillmat. Ungane fordelte seg fint i telta. Ingen problem med 6 barn i 3 manns telt!
|
| |
|
|
| |
Ein liten gjen gjekk ned i havna og prøvde fiskelukka. Fangsten var både berggylte og sjøpølse til ungane si store gleda.
|
| |
|
|
| |
Etter at ein del energi var brukt opp var det tid for grilling; Marshmellows, grillpølser, kyllingfileter, maiskolber og mykje anna knask vart grilla, samt at ungane fann fram både snop og brus. Resultatet førte til at ungane fekk endå meir energi!
|
| |
|
|
| |
Når klokka har passert 23.00 ser det fortsatt ut til at det skal bli ei tørr natt.
|
| |
|
|
| |
Ingen tvil om at dette er ei kjekk oppleving for store og små. Ei betre avslutning på skuleåret kan ein ikkje få.
|
| |
|
|
| |
Tusen takk til tålmodige lærarar og gode foreldre. |
| |
| |
|
|
|