Stor 17.mai-feiring. |
|
| |
| Heile bygda deltok på 17. mai feiring i Herøysund. |
| |
 | | Anita og Anders |
Alle som meinte noko om frammøtet, var sikre på at dette toget var det største på svært mange år. Finveret hadde fått fram bunadar både for liten og stor.
|
| |
 | | Røysterett for alle |
Også i år kunne vi gleda oss over at 'Røysterett for alle' tok ein tur til feiringa på skuleplassen i Herøysundet.
|
| |
|
|
| |
 | | Asle Reime heldt talen for dagen |
Asle Reime forundra seg mellom anna over at nokre politikarar absolutt vil leggja ned ei bygd som vår som har slagordet 'Ei perle eit funn, vi stortrivst i Herøysund'. Er det ikkje slik at det er alle bygdelaga som gjer Kvinnherad til noko anna enn småbyane Odda og Stord?
|
| |
 | | Skulemusikken har plass til fleire! |
Herøysund har sitt eige skulekorps. Dei er få, men gav god lyd både i toget og på skuleplassen. Håpar dei vert fleire neste år!
|
| |
 | | Hesteskokasting er tradisjon |
Konkurransar er ein viktig del av feiringa. Her er det hesteskokasting som gjeld. Andre deltok i luftgeværskyting, slå i spiker, pilkast, forskjellige kast med ball, sandpose og mykje meir - aktivitetar for alle aldrar. |
| |
 | | Kaffi, kaker, brus, pølser og brus |
|
| |
|
|
|