Herøysund slår ring om skulen |
| På eit bygdamøte i går kveld slo dei frammøtte fast at skule/barnehage er det viktigaste vi har i bygda. |
| |
Torsdag kveld heldt Herøysund Bygdalag den andre idedugnaden om viktige tiltak for auka trivsel i bygda. Møtet var eit framhald frå sist veke der ein i alt fekk 50 nye innspel om ting som burde gjerast i bygda. Med dei 20 punkta som låg i den lange køen, var ein no oppe i totalt 70 stikkord.
|
| |
|
|
| |
|
Møtet i går kveld skulle prøva å slå saman stikkord, stryka urealistiske tiltak, og koma fram til ei prioritering. Jobben var ikkje enkel for dei frammøtte, men alle var einige om at skule/barnehage var viktigast for bygda.
|
| |
|
|
| |
|
Herøysund har mange større anlegg, og vedlikehaldet av desse har i periodar vorte nedprioritert. No er det tid for nye dugnadstiltak, og møtet prioriterte slik:
|
| |
|
|
| |
|
1. Opprustning av Herøysund Idrettsplass med HIL som prosjektansvarleg.
2. Utvikling/opprustning av badestranda inkl. det næraste naturområdet. Her er Herøysund Bygdalag prosjektansvarlege.
3. Herøysund Grendahus treng maling og ein del utskifting av bordkledning. Ansvarleg for dette prosjektet er styret i LL Herøysund Grendahus.
|
| |
|
|
| |
|
Neste møte vi ta stilling til evt. andre prosjekt, og finna ut kva sosiale aktivitetar vi treng i bygda. |
| |
| |
|
|
|