Opning av ridebane! |
|
| |
| I dag var det opning av ridebanen til Kjersti og Vidar Lønning. Vergudane spelte verkeleg på lag med dei frammøtte idag, og vi fekk ei flott oppleving i øvre del av bygda. |
| |
Banen ligg oppunder ein fjellskrent heilt øverst i Herøysund. Her hadde vi ein fantastisk utsikt ut mot ein speilblank fjord.
|
| |
|
Eigarane serverte kaffi og nysteikt kake medan dei flinke jentene imponerte med flotte øvelsar. Vi fekk mellom anna sjå balansekunst, hopp, dressur og ulike konkurransar med hestane. Banen har standard mål 20 x 40 meter.
|
| |
|
Dagen vart avslutta med at dei unge skuelystne fekk prøva hestane på banen. Kjempe kjekt!
|
| |
|
Ingen tvil om at dette er eit fantastisk aktivitetstilbod for dei som har hest som hobby!
|
| |
|
Fleire bilde finn du på: WWW.hoglandsfe.no |
| |
| |
|
|
|