Framsida
Framsida
Arrangement
Herøysund Bygdalag
Herøysund Grendahus
Herøysund Idrettslag
Herøysund Skulemusik
Herøysund Båtlag
Stranda
POSTVEGEN
Nyttige lenker
Kontakt oss
Nyhende
Kontakt oss
Herøysund Bygdalag
5462 Herøysundet
Bankgiro: 3460.07.52911
Vipps: #661569
Leiar: Ida Marielle Sundland Grindheim
Tlf:
Epost:
leiar@heroysund.no
Kasserar: Tonje Smith
Tlf:482 67 433
Epost:
kasserar@heroysund.no

Unge talent viste seg fram i Husneshallen!

 
Laurdag var ein stor dag for dei yngste fotballspelarane i kommunen som møtte kvarandre til dyst i Husneshallen. 20 miniputtlag frå heile kommunen i aldersgruppa frå sju til ni år var med i cupen og to av laga med tilsaman 12 spelarar var frå Herøysundet!
 

Spente 1. og 2. klassingar møtte opp på Jokeren laurdag ettermiddag. Spelarane fekk kvar si 'Herøysund' t-skjorte i staden for drakt. T- skjortene skapte mykje god oppmersomhet, og då ledelsen i TRIO delte ut pokaler til spelarane innleda dei med ''Vil spelarane med dei finaste draktene komma fram for premieutdeling.....'

 

Dei unge spelarane hadde sommarfuglar i magen. Det er ikkje kvar dag ein spelar for ein fullsatt tribune på Husnes! Tilsaman hadde laga 3 tap, 2 uavgjort og ein siger på banen. 

 

Mellom kampane var det skytteltrafikk til kisosken, dei solgte vafler, sjokolade, brus og pølser!

 

Store og små hadde ein flott dag i Husneshallen.

 
 
 
 
  Tilbake

 
Linker
Vêrstasjon
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS