Det var god steming fra første stund. Svein Martin Kaldestad leia kvelden og gjekk rett på premieutdeling. Alle gruppene; fjelltrimgruppa, turngruppa, fortballgruppa og friidrettsgruppa fekk sine velfortjente medaljar!
Mange av dei yngste trimmarane fekk sin aller første diplom/medalje. Det var sjølvsagt stor stas! Kvelden toppa seg fullstendig då det kom pølser, kaker, muffins, kaffi og brus på bordet. Ungane fråtsa av godsaker.
Det vart også annonsert ein vinnar av Herøysund sitt offisielle slagord:
'Ei perle eit funn, vi stortrivst i Herøysund!'
Vinnaren av konkurransen var Linda Tvedt.
Det skal seiast av vi erstatta 'me' med vi då fleirtallet i bygda seier vi...
Kjempe godt forslag!
Vinnaren får ein treningsdress av idrettslaget.
Ellers var det loddsalg med flotte premiar.
Vi kom også godt i gang med salg av t skjorter.
Vi har hatt nok ei vellukka feiring på skulen i Herøysund!
HIL (FNM) |